1. Songs

92. Guds kjærleik er som stranda og som graset

salmer og sanger

Vers 1

Guds kjærleik er som stranda og som graset,

som vind og vidd og jord og allheims rom.

Vi fridom fekk å bu der, gå og koma,

å seia ja til Gud og seia nei.

Refreng

Guds kjærleik er som stranda og som graset,

som vind og vidd og jord og allheims rom.

Vers 2

Vi vil ein fridom der vi er oss sjølve,

ein fridom vi kan gjera noko av,

der ingen tomleik finst, men rom for draumar,

ei jord der tre og blomar kan slå rot.

Refreng

Guds kjærleik er som stranda og som graset,

som vind og vidd og jord og allheims rom.

Vers 3

Og endå er det murar oss imellom,

og gjennom sprinkelverk vi tøyer hand.

Vårt fangerom er murt av redslesteinar,

og fangeklede er vårt stengde eg.

Refreng

Guds kjærleik er som stranda og som graset,

som vind og vidd og jord og allheims rom.

Vers 4

Å, døm oss, Herre, frikjenn oss i domen!

I di forlating fridom finst og von.

Den rekk så vide som din kjærleik vandrar,

til folk av kvar ein rase og nasjon.

Refreng

Guds kjærleik er som stranda og som graset,

som vind og vidd og jord og allheims rom.

Present this song in WorshipOne →Ready-made slides, chord transposition and mobile remote control.
Share
Transpose in WorshipOneEdit in WorshipOne

More Norwegian songs