1. Songs

245. Det tonar ein song

salmer og sanger

Vers 1

Det tonar ein song gjennom rømdene vide.

Han skjelv i kvart strå, kvart blad og kvar blom.

Han jublar i glede, han mildnar all kvide

og syng i kvar skapning der livet har rom.

Vers 2

Eg høyrer den songen i alt det som hender,

i motgang og sorg og når dagen er klår.

I skiftande tider som livet meg sender,

han strøymer imot meg som solflaum mot vår.

Vers 3

Og songen som tonar i rømdene vide,

er Ordet om Kristus som livet oss gav.

Han sona vår synd ved døden å lide

og sigrande gå frå den tomme grav.

Present this song in WorshipOne →Ready-made slides, chord transposition and mobile remote control.
Share
Transpose in WorshipOneEdit in WorshipOne

More Norwegian songs