1. Songs

555. No soli bakom blåe fjell

salmer og sanger

Vers 1

No soli bakom blåe fjell

sitt ljose andlet gøymer,

og myrker yver heimen fell,

og jordi ligg og drøymer.

Gud, lat di åsyn lysa ned,

so heilag fred inn i vårt hjarta strøymer!

Vers 2

Kom, Jesus, inn og med meg ver

når det til kvelden stundar!

Og lat din engel standa her

ved lægjet når eg blundar,

og varda vel min kvilestad!

Og vekk meg glad til song med fugl i lundar!

Vers 3

Men Jesus fører meg ved hand,

eg ikkje råd skal sakna,

han fører meg til livsens land,

der alle stormar spakna.

Når eg i grav er gøymd og duld,

for Kristi skuld eg skal ein morgon vakna.

Present this song in WorshipOne →Ready-made slides, chord transposition and mobile remote control.
Share
Transpose in WorshipOneEdit in WorshipOne

More Norwegian songs