1. Songs

85. Solglans som skjelv

salmer og sanger

Vers 1

Solglans som skjelv over sumarblå kvelv,

vindsus i lauvrike dalar,

bekker som syng mellom blomar og lyng,

bårer som voggar og skvalar,

tusen av tonar frå hei og hav

lovar vår Herre som livet gav.

Vers 2

Fossar som fell i dei flogbratte fjell,

elvar som fløymer i lier,

tindar og ur, all den fagre natur

tonar i aldrar og tider:

Alt som er skapt av vår Gud, er godt,

heilag, ja, heilag er høgheims drott!

Vers 3

Lovsongen skjelv imot sumarblå kvelv:

Makta frå mørkheimen tapte!

Æveleg ros for kvar strime av ljos

stige mot Gud frå det skapte!

Lov då din Gud over gråt og grav,

han som og æveleg liv deg gav!

Present this song in WorshipOne →Ready-made slides, chord transposition and mobile remote control.
Share
Transpose in WorshipOneEdit in WorshipOne

More Norwegian songs