1. Songs

146. Når krossen underfull eg ser

salmer og sanger

Vers 1

Når krossen underfull eg ser,

der livsens hovding måtte døy,

all verdsens vinning armod er,

all stordom kverv som halm og høy.

Vers 2

Frå panna, handi, foten hans

flyt sorg og kjærleik saman ned.

Kvar fletta klunger slik ein krans,

og når vart strid til slik ein fred?

Vers 3

No er han kledd i purpurskrud.

I raudt hans lekam sveiper seg.

Og eg er død i han, min Gud,

og heile verdi død for meg.

Vers 4

Å kjærleiks djup, å miskunns drott:

Var enn min rikdom hav og land,

og fekk du alt, det vart for smått.

Her er mi sjel, mitt liv, mi hand.

Present this song in WorshipOne →Ready-made slides, chord transposition and mobile remote control.
Share
Transpose in WorshipOneEdit in WorshipOne

More Norwegian songs