1. Songs

515. Du Ord frå alle æver

salmer og sanger

Vers 1

Du Ord frå alle æver,

og evig Gud av Gud!

Du liv for alt som lever,

frå deg går ljoset ut,

eit ljos som skin her nede

i denne mørke verd!

Å sæle syn og glede

at du, Gud Son, er her!

Vers 2

Kven såg din glans og trudde

at himlen var ditt rom,

at du som lågast budde,

sat høgt i herlegdom?

Dei ljosens born som kjende

Guds frelse i ditt namn,

som såg din Fader vende

mot dei sin opne famn!

Vers 3

Kvar var ditt guddomsvelde,

kvar var di frelsarhand,

når nådens born vart selde

til spott og bål og brann?

Vi såg din styrke, Herre,

vi trudde på deg, Krist,

når Lammets pris og ære

var deira song til sist.

Vers 4

Lat dine vitne vise

di sanning med sin munn,

og verdsens von få prise

til siste dag og stund,

når born av alle ætter

står fritt for trona di

og takk og ære retter

mot deg til evig tid!

Present this song in WorshipOne →Ready-made slides, chord transposition and mobile remote control.
Share
Transpose in WorshipOneEdit in WorshipOne

More Norwegian songs