1. Songs

400. Ved Jesu føter ei stille stund

salmer og sanger

Vers 1

Ved Jesu føter ei stille stund,

når ordi kjem frå hans eigen munn,

når eg med Jesus åleine er,

då er det hugnad å leva her.

Vers 2

Kvar finst ein fagrare stad på jord!

Kvar høyrest visare sanningsord?

Når eg med Jesus åleine er,

då ynskjer eg ikkje meire her.

Vers 3

Her må det tunge og vonde fly,

her vert eg alltid i striden ny.

Når eg med Jesus åleine er,

den største løyndom fær løysing her.

Vers 4

Så lat då koma kva koma vil,

eg veit ein stad eg skal springa til,

der eg med Jesus åleine er.

Kven kan då standa imot oss her?

Vers 5

Og snart så kjem ho, den stunda kjær,

då skal eg sjå honom slik han er.

Då eg med Jesus i himlen er

og talar med han som aldri her.

Present this song in WorshipOne →Ready-made slides, chord transposition and mobile remote control.
Share
Transpose in WorshipOneEdit in WorshipOne

More Norwegian songs