1. Songs

308. Ver ikkje redd

salmer og sanger

Vers 1

Ver ikkje redd! Du har ein frelsar

som kjøpte deg til Gud med blodet sitt.

Kvar ein som kjem, han varmt velkomen helsar.

Guds barn du vert. Eit evig liv er ditt.

Vers 2

Ver ikkje redd! Di synd er sona,

di gjeld betalt, og Jesus leid din død.

For Kristi skuld du kvila kan, og vona.

Han sjølv di rettferd er, og livsens brød.

Vers 3

Ver ikkje redd! For faderhandi

deg verna vil. Den armen fast deg held.

Han skal deg losa til du står på strandi.

For Kristi verk i tid og æva gjeld.

Vers 4

Ver ikkje redd for framtidsdagen,

for solefallet og di siste stund!

Din frelsar fører deg til livsenshagen,

der du for evig står på sikker grunn.

Present this song in WorshipOne →Ready-made slides, chord transposition and mobile remote control.
Share
Transpose in WorshipOneEdit in WorshipOne

More Norwegian songs