1. Songs

493. Frå æveleg tid og i år etter år

salmer og sanger

Vers 1

Frå æveleg tid og i år etter år

er Herren, vår Gud, med på ferda.

Du leiar oss kjærleg i dag som i går

på ulendte stier i verda.

Vers 2

Du sende din einborne son til vår jord,

men dårskapen mot han seg vende.

Du ville oss samle kring Frelserens bord,

men Golgata kors vart hans ende.

Vers 3

Du veit, gode Far, at me strekk ikkje til

for synda hev sett oss attende,

men hjelper du, Herre, det veit me du vil

einkvar som til deg vil seg vende.

Vers 4

Me takker for tolmod, allmektige Far,

og takker for sonen du sende.

Med han kom det signing til grend og til gard,

og til dei som let seg omvende.

Vers 5

Me skylder å vise deg lydnad kvar dag

som takk for din evige nåde.

Og skikke oss slik at me vert til behag,

og late dei ti boda råde.

Present this song in WorshipOne →Ready-made slides, chord transposition and mobile remote control.
Share
Transpose in WorshipOneEdit in WorshipOne

More Norwegian songs