1. Songs

338. Velsigna band som bind

salmer og sanger

Vers 1

Velsigna band som bind

Guds folk i saman her,

i same kjærleik, same sinn

som i Guds himmel er.

Vers 2

Vi er av kongeætt,

eit heilagt syskenlag,

men ser vår høge adel rett

fyrst på den store dag.

Vers 3

Her skil dei store hav

Guds folk i ymse land,

men bundne saman vert vi av

dei sterke Andens band.

Vers 4

Her er 'kje fri og træl,

her er 'kje arm og rik,

kvar har den same arvedel

og er dei andre lik.

Vers 5

Om nokon av oss lid,

så græt vi andre med,

og vert han atter løyst og fri,

vi oss med honom gled.

Vers 6

Vi kjenner saknad sår

når her vi skiljast må,

men vonar i Guds rikes vår

kvarandre atter sjå.

Present this song in WorshipOne →Ready-made slides, chord transposition and mobile remote control.
Share
Transpose in WorshipOneEdit in WorshipOne

More Norwegian songs