1. Songs

331. I Krist er ikkje aust og vest

salmer og sanger

Vers 1

I Krist er ikkje aust og vest

og ikkje sør og nord.

Hans folk er eitt i tru og von

på all den vide jord.

Vers 2

I han eit samfunn høgt og fritt

dei trugne hjarto finn.

Hans kjærleik er det gylne band,

som saman alle bind.

Vers 3

Legg hand i hand då, de som trur!

Me fekk den same rett.

Dei born som tener Gud, vår Far,

dei høyrer til vår ætt.

Vers 4

I Krist no møtest aust og vest,

og eitt vert sør og nord.

Av alle tunger samlar han

eit heilagt folk på jord.

Present this song in WorshipOne →Ready-made slides, chord transposition and mobile remote control.
Share
Transpose in WorshipOneEdit in WorshipOne

More Norwegian songs