1. Songs

500. Leid milde ljos

salmer og sanger

Vers 1

Leid, milde ljos, igjennom skoddeeim,

leid du meg fram!

Eg gjeng i myrke natt langt frå min heim,

leid du meg fram!

Før du min fot; eg treng ei sjå min veg

so langt og vidt, eit steg er nok åt meg.

Vers 2

Du veit det vel, eg bad ei alltid so:

Leid du meg fram!

Eg ville velja sjølv min veg, men no:

Leid du meg fram!

Eg ville leva vilt, var stolt og strid

og stor i mod, å, gløym den dårskaps tid!

Vers 3

Di makt hev signa meg, då veit eg visst

du leider enn

i myr og fjell og hei, og so til sist

ein morgon renn,

då til meg smiler engleåsyn blid,

som eg hev elska fyrr, men mist ei tid.

Present this song in WorshipOne →Ready-made slides, chord transposition and mobile remote control.
Share
Transpose in WorshipOneEdit in WorshipOne

More Norwegian songs