1. Songs

265. Kor mykje stort kor mykje gildt

salmer og sanger

Vers 1

Kor mykje stort, kor mykje gildt,

kor mykje herlegdom

dei unge fær som kjem til Gud

og tidleg vender om,

når berre Jesus vinna fær

det unge hjarta fullt.

Og allting opp i dagen ligg,

og ingen ting vert dult.

Refreng

Fryd, ja ungdomsfryd

vår frelsar no oss byd.

Me difor kjem som dogg i glans

kring Kristi kross i krans.

Og bøygd for Herren syng eg her

i frelsens stråleskrud:

Det venaste syn som eg fær sjå,

er unge på kne for Gud.

Vers 2

All ungdomsgleda rik og stor

frå frelsens kjelda flyt,

Guds ord med all sin herlegdom

me unge sanna lyt.

Ved synet av hans kjærleik stor

me ikkje anna kan

enn syngja ut vår ungdomsfryd:

Me vil til livsens land.

Refreng

Fryd, ja ungdomsfryd

vår frelsar no oss byd.

Me difor kjem som dogg i glans

kring Kristi kross i krans.

Og bøygd for Herren syng eg her

i frelsens stråleskrud:

Det venaste syn som eg fær sjå,

er unge på kne for Gud.

Vers 3

Lat andre seia kva dei vil,

me dreg no likevel

til livsens land, for der me veit

er fridom for vår sjel,

og kraft me finn på kne for Gud

å stå i striden her.

So lat då spotta kven som vil,

vår Gud vår frelsa er.

Refreng

Fryd, ja ungdomsfryd

vår frelsar no oss byd.

Me difor kjem som dogg i glans

kring Kristi kross i krans.

Og bøygd for Herren syng eg her

i frelsens stråleskrud:

Det venaste syn som eg fær sjå,

er unge på kne for Gud.

Vers 4

Og ungdom, du som spørja må

om dette lukka er,

å, berre kom til Jesus du,

so visst du røyna fær

at han kan herleg løysa opp

den mørke gåta di.

Den dag du bøyer hjartans kne,

du vert i sanning fri.

Refreng

Fryd, ja ungdomsfryd

vår frelsar no oss byd.

Me difor kjem som dogg i glans

kring Kristi kross i krans.

Og bøygd for Herren syng eg her

i frelsens stråleskrud:

Det venaste syn som eg fær sjå,

er unge på kne for Gud.

Present this song in WorshipOne →Ready-made slides, chord transposition and mobile remote control.
Share
Transpose in WorshipOneEdit in WorshipOne

More Norwegian songs