1. Songs

517. Det finst ingen grunn til mismot

salmer og sanger

Vers 1

Det finst ingen grunn til mismod

for deg som på Kristus trur.

Når han fylgjer med på ferda,

kvi då ganga beisk og stur?

Refreng

Det finst ingen grunn til mismod

for deg som på Kristus trur.

Det finst ingen grunn til mismod

for deg som på Kristus trur.

Vers 2

Det finst ingen grunn til mismod

når Gud er din gode Far.

Han alt til det beste vender,

sjølv lagnaden beisk og hard.

Refreng

Det finst ingen grunn til mismod

for deg som på Kristus trur.

Det finst ingen grunn til mismod

for deg som på Kristus trur.

Vers 3

Det finst ingen grunn til mismod.

So ver då frimodig, du!

Og la ikkje hjarta ottast!

På Gud og på Kristus tru!

Refreng

Det finst ingen grunn til mismod

for deg som på Kristus trur.

Det finst ingen grunn til mismod

for deg som på Kristus trur.

Vers 4

Det finst ingen grunn til mismod

om båror mot båten slær.

Når dei vil i kav deg draga,

er Jesus med hjelpi nær.

Refreng

Det finst ingen grunn til mismod

for deg som på Kristus trur.

Det finst ingen grunn til mismod

for deg som på Kristus trur.

Vers 5

Det finst ingen grunn til mismod.

So syng då eit takkekvad!

Det lysnar av dag der framme.

Ver hugheil, mi sjel, ver glad!

Refreng

Det finst ingen grunn til mismod

for deg som på Kristus trur.

Det finst ingen grunn til mismod

for deg som på Kristus trur.

Present this song in WorshipOne →Ready-made slides, chord transposition and mobile remote control.
Share
Transpose in WorshipOneEdit in WorshipOne

More Norwegian songs