1. Songs

130. Å Betlehem du vesle by

salmer og sanger

Vers 1

Å Betlehem, du vesle by,

vi ser deg kvila der.

Og over deg så stille dreg

dei stjerners store hær.

Men i dei mørke gater

eit ævelys skin ned,

til deg no går dei tusen år

sin lengsel etter fred.

Vers 2

For denne natt ein frelsar stor

vart fødd, og englar kvad.

Mens verda sov, dei song Guds lov,

og himmelen var glad.

Å morgonstjerner alle,

forkynn at han er fødd!

Du stjernekor, pris kongen stor!

Og fred på jorda mødd!

Vers 3

Kor stilt, kor stilt vår Herre gav

den julegåva god!

Slik himmelen gjev jorda enn

si rike signingsflod.

Vi merkar ei hans kome,

men til kvar open sjel

stig Jesus inn med nåden sin

og gjer ein syndar sæl.

Vers 4

Å kongebarn frå Betlehem,

inn i vårt hjarta drag!

Vi audmjukt bed: Stig til oss ned,

vert fødd i oss i dag!

Vi høyrer englesongen

det glade bod fortel.

Å, kom til oss, å, ver hos oss,

Guds Son Immanuel!

Present this song in WorshipOne →Ready-made slides, chord transposition and mobile remote control.
Share
Transpose in WorshipOneEdit in WorshipOne

More Norwegian songs