604. Dei skal gå til den heilage staden
- Norwegian
- Tekst / Lyrics
- Hymn 604
Vers 1
Dei skal gå til den heilage byen,
dei skal samlast i himlen ein gong.
Dei skal undrande gå gjennom porten
til ei ukjend verd, til eit anna liv.
Dei skal syngja, syngja, ja, syngja
ein ny, jublande song.
Vers 2
Dei skal minnast den blømande jorda
og dei fagraste sumrane der.
Dei skal gløyma det vonde og tunge
i ei gamal verd i eit liv som var.
Dei skal syngja, syngja, ja, syngja
ein ny, jublande song.
Vers 3
Dei skal møta dei trufaste vener
som dei miste på jorda ein gong,
og med englar og heilage leika
i Guds Paradis. Dei skal dansa der.
Dei skal syngja, syngja, ja, syngja
ein ny, jublande song.
Vers 4
Dei skal møta den levande Herren,
dei skal skoda han slik som han er,
og forvandlast i ljos, bli hans like.
Deira von han var, deira liv han er.
Dei skal syngja, syngja, ja, syngja
ein ny, jublande song.
More Norwegian songs
- 214. Klippe, du som brast for meg
- 1. Lovsyng vår Herre
- 4. Hellig, hellig, hellig! Til din pris, o Herre
- 173. Det skal bli strømmer av nåde
- 84. O store Gud
- 118. Gled deg, du jord
- 216. Alt for Jesu fot jeg legger
- 227. Jesus, hold meg ved ditt kors
- 439. Da Herren kom til denne jord
- 360. Syng syng syng
- 159. Å salige stund uten like
- 167. Jesus det eneste (Sinding)
- 13. Lov Jesu namn og herredom
- 462. Gud elsket vår verden
- 26. Å om min lovsang kunne lyde
- 539. Gud tidlig denne morgenstund
- 291. Gode gjeter i din flokk
- 464. Ein fin liten blome i skogen eg ser
- 418. Jesus gjør meg stille
- 647. Create in me a clean heart
- 623. Lysere enn ilden
- 591. Lille hjord og svake flokk
- 309. Å Gud vårt vern i farne år
- 14. Majestet konge i evighet