1. Songs

419. Kjære Gud når eg bed

salmer og sanger

Vers 1

Kjære Gud, når eg bed,

lat min tanke kvile i fred

frå alt stress i verda omkring

og all uro for daglege ting.

Lat din kjærleik få trengja seg inn

slik at han kan forandre mitt sinn.

Lat oss alle som trur på ditt ord

vera saman i bøn for vår jord.

Vers 2

Hjelp meg, Gud, til å gi

både pengar, arbeid og tid

i den tenesta der eg er sett,

slik at eg kan forvalte den rett.

Gi meg kraft til å dele mitt brød

med dei menneska som er i nød.

Hjelp meg søkje fornying og fred.

Høyr meg, kjære Gud, når eg bed.

Vers 3

Takk for frelse og fred

når i Jesu namn eg får be.

Herre, lær meg den vegen å gå:

At eg alltid din nåde kan få.

Og eg veit at ein dag er eg fri

som eg aldri her nede kan bli.

Når all vondskap og nød er forbi,

evig glede og fred vil du gi.

Present this song in WorshipOne →Ready-made slides, chord transposition and mobile remote control.
Share
Transpose in WorshipOneEdit in WorshipOne

More Norwegian songs