233. Eg stend og ser på ei nagla hand
- Norwegian
- Tekst / Lyrics
- Hymn 233
Vers 1
Eg stend og ser på ei nagla hand,
ho spikra til krossen vart,
og lell ho løyste mitt træleband
i dødsstunda skum og svart.
Vers 2
Eg stend og ser på ei nagla hand
der blodsdråpar tunge fell.
Ho opna veg til eit fridomsland
der straumar av vårliv vell.
Vers 3
Eg stend og ser på ei nagla hand,
min frelsar, det var for meg!
Og difor ikkje eg anna kan
enn tilbe og elska deg.
Vers 4
Og når eg eingong i livsens land
får skoda deg som du er,
då ser eg, Jesus, di frelsarhand,
ho merke av naglar ber.
More Norwegian songs
- 214. Klippe, du som brast for meg
- 1. Lovsyng vår Herre
- 4. Hellig, hellig, hellig! Til din pris, o Herre
- 173. Det skal bli strømmer av nåde
- 84. O store Gud
- 118. Gled deg, du jord
- 216. Alt for Jesu fot jeg legger
- 227. Jesus, hold meg ved ditt kors
- 33. Lovsyng Herren Han er nær
- 302. Som en herlig guddomskilde
- 246. Eg retter to tome hender
- Reis Meg Opp
- 345. Rop det ut med hjertets jubel
- 436. Herre gjør det stille i mitt indre
- 526. Fagert er landet du oss gav
- 301. Det er solskinn i min sjel i dag
- 354. Natten kom så fort
- 525. No livnar det i lundar
- 385. Vær velkommen hviledag
- 24. Ærens Konge nådens Herre
- 46. Kom tilbe med fryd
- 277. Å hvor godt å tro på Jesus
- 541. Takk min Gud for at jeg våkner
- 643. Amazing grace