1. Songs

526. Fagert er landet du oss gav

salmer og sanger

Vers 1

Fagert er landet du oss gav,

Herre, vår Gud og vår Fader!

Fagert det stig av blåe hav,

soli ho sprett og ho glader,

signar vårt land i nord og sud,

soleis ditt åsyn lyser, Gud,

yver vårt Noreg i nåde.

Vers 2

Tidi ho renn som elv mot os,

fort skifter sumar med vetter.

Fader, ver alltid Noregs los

radt til dei seinaste ætter!

Herre, vår Gud, vårt Noregs Gud,

varda vårt land frå fjell til flud,

lær oss å gå dine vegar!

Vers 3

Signa då, Gud, vårt folk og land,

signa vårt strev og vår møda,

signa kvar ærleg arbeidshand,

signa vår åker med grøda!

Gud, utan deg den vesle urt

veiknar og visnar, bleiknar burt,

ver du oss ljoset og livet!

Present this song in WorshipOne →Ready-made slides, chord transposition and mobile remote control.
Share
Transpose in WorshipOneEdit in WorshipOne

More Norwegian songs