1. Songs

136. Vi takkar han som gjekk blant oss

salmer og sanger

Vers 1

Vi takkar han som gjekk blant oss

ein steinet øyde stad.

Vi kom til han, ein svolten flokk,

han møtte oss med mat.

Ein rabbi er han, vidt berømd,

kjend for å tilgje synd.

Vi rører ved hans kapperand,

vi ropar høgt: Forkynn!

Vers 2

Kven er du magre ferdamann

som talar nett som Gud,

som dreiv i snikkarindustri,

gjekk lærlingtida ut.

Du er ein faglært tømmermann!

Byter du øks og sag

mot lettvinn mat ved store lag?

Er det ditt nye fag?

Vers 3

Men kvifor gå så stille bort

når flokken vel er fødd?

Slik bakar har vi aldri sett,

slik veldig mengd med brød!

Til konge vil vi krone deg,

prise di store makt!

Så kvifor gå, ja, kvifor vil

du ikkje ha vår prakt?

Vers 4

Så går han, han som såg vår naud

og berga oss frå død.

Vi unngjekk fint hans strenge ord,

men likte godt hans brød.

Vi stirer på han der han går,

full av Guds herlegdom,

og skjønar ikkje at vi har

i hjarta hans eit rom.

Present this song in WorshipOne →Ready-made slides, chord transposition and mobile remote control.
Share
Transpose in WorshipOneEdit in WorshipOne

More Norwegian songs