1. Songs

88. Å kor djup er Herrens nåde

salmer og sanger

Vers 1

Å, kor djup er Herrens nåde,

som eit hav, så djup og vid!

Å, kor kjærleg er hans rettferd,

som kan meir enn gjere fri!

Det er ingen som kan kjenne

våre sorger slik som Gud,

ingen domar som så venleg

slettar brot og synder ut.

Vers 2

Det er rikeleg forløysing

i vår Jesu dyre kross.

Det er song og evig glede

i det blod som rann for oss.

Og vart hjarta fylt av kjærleik

ved vår tru på Ordet hans,

då vart livet til ein stråle

av Guds herlegdom og glans.

Present this song in WorshipOne →Ready-made slides, chord transposition and mobile remote control.
Share
Transpose in WorshipOneEdit in WorshipOne

More Norwegian songs