1. Songs

78. Eg ser deg Gud i kvar den blom som tirer

salmer og sanger

Vers 1

Eg ser deg, Gud, i kvar den blom som tirer

i fagre fargar mellom stein og strå,

som alle opp mot sol og himmel stirer

med bjarte smil som barneaugo små.

Vers 2

Eg ser deg, Gud, i kvar den bekk som skumar

i kvite fossar mellom knaus og koll

og kler i brudeskaut den unge sumar

og syng sitt liv utover vang og voll.

Vers 3

Eg ser deg, Gud, i kvar den tind som syner

eit bilet av din stordom og din glans,

når soli honom med sin gullkrans kryner,

og snøen bind av sylv sin glitrekrans.

Vers 4

Eg ser deg, Gud, i kvar den sky som rodar,

så reint og høgt i friske morgonstund,

og i det gull som eg i kvelden skodar,

når dagen trøytnar mot sitt kvilemund.

Vers 5

Eg ser deg, Gud, i alt det liv som yrer

kring jordi all og høgt i stjernesveim.

Eg ser kor vel du skipar alt og styrer

som kjærleg fader i ein barneheim.

Vers 6

Eg ser deg, Gud, og i mitt auga skjelver

ei gledetåre, for du har oss kjær.

Og over oss så fager himmel kvelver

og gav til heim oss slik ei fager verd.

Present this song in WorshipOne →Ready-made slides, chord transposition and mobile remote control.
Share
Transpose in WorshipOneEdit in WorshipOne

More Norwegian songs