1. Songs

244. Det strøymer ei livselv av lukka

salmer og sanger

Vers 1

Det strøymer ei livselv av lukke,

av glede fordi eg er til.

Guds bilete fekk eg til gåve,

og aldri han gløyma meg vil.

Eg lever og evig skal leva,

ved han som leid døden for meg,

men sprengde dei gravlekkjer svære,

og opna til livslandet veg.

Vers 2

Ja, Kristus er kjelda, den klåre,

eit havdjup av fryd og av fred.

Vel blenkjer det stundom ei tåre,

men livsvona atter meg gled.

Snart gryr det ein æveleg morgon,

og da skal eg verta han lik.

Det strøymer ei livselv av lukke,

min Gud, eg er endelaust rik.

Present this song in WorshipOne →Ready-made slides, chord transposition and mobile remote control.
Share
Transpose in WorshipOneEdit in WorshipOne

More Norwegian songs