1. Songs

139. Det ligg eit berg ved byens mur

salmer og sanger

Vers 1

Det ligg eit berg ved byens mur

ein stad i framandt land.

Der var det Jesus såg den kross

dei reiste opp for han.

Vers 2

Det Jesus måtte lide der,

kan ingen heilt forstå.

Men at han leid for all mi synd,

det får eg lite på.

Vers 3

Han døydde så eg skulle bli

Guds eigen, glad og god,

og vinne himmelen til sist

på grunn av Jesu blod.

Vers 4

Ja, sone alle våre brot,

det kunne berre han.

Og einast han kan låse opp

ein port til livsens land.

Vers 5

Kor mykje Jesus elskar oss,

kan ingen heilt forstå,

men eg vil alltid ha han kjær,

han vil eg lite på.

Present this song in WorshipOne →Ready-made slides, chord transposition and mobile remote control.
Share
Transpose in WorshipOneEdit in WorshipOne

More Norwegian songs